Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter

Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter består av ein skule og to barnehagar.

Lokalisering

Bæverfjord og Bøfjorden skule ligg i Bæverfjord. Vi har fin natur med elv, sjø, skog og fjell i skulen sitt nærområde. Bøfjorden barnehage ligg i Bøfjorden, nær sjøen og med kort veg til friluftslivsområdet Mjøksand.

Organisering

Bæverfjord skule er ein fådelt 1-7-skule med 35 elevar. Skulen ligg vegg i vegg med Bæverfjord barnehage. 

Begge barnehagane tek i mot både småbarn og store barn, og har til saman ca. 40 plassar.

Særpreg

Vårt hovudfokus er: Omsorg, leik og læring, samt aktiv bruk av bygda sin natur og nærmiljø.