Bestille kart/situasjonskart og naboliste

Velkomen til Surnadal kommune sine sider for å bestille kart frå vår kommune.

Her kan du bestille kart og eigedomsinformasjon


Etter forskrift om utlevering skal utlevering av nabolister kun skje til personar som har eit føremål i samsvar med matrikkellova § 30.

Krav ved bestilling

  • Den som bestiller ei naboliste må opplyse om kva nabolista skal brukast til.
  • Nabolista blir kun sendt til tinglyst eigar eller firma med legitimert behov.
  • Dersom kommunen kan verifisere at e-postadresse og tinglyst eigar er den same, vil nabolista bli sendt som e-post. I motsett tilfelle vil brev bli sendt til tinglyst eigar av eigedomen.

Dette kan du bestille

  • Plott av grunnkart, ortofoto, oversiktskart eller reguleringskart med bestemmingar
  • Digitale kartdata og digitale ortofoto
  • Eigedomsmeklarpakkar med kart og naboliste
  • Situasjonskart og naboliste

Mange av våre kundar kjøper data enten til bruk for eigedomsomsetning eller for å sende inn ein byggjesøknad. 

Meklaropplysningar, situasjonskart og nabolister kan du bestille via Infoland eller ePlassen:

INFOLAND

ePlassen