Transportføremål som ikkje er søknadspliktige
Lov om motorferdsel i utmark og nasjonal forskrift opnar for bruk av motorkjøretøy til fleire nytteføremål utan at du treng å søkje. All køyring skal imidlertid alltid skje aktsomt og hensynsfullt.
Desse nytteformåla er heimla i §4 i motorferdselloven og i §§2 og 3 i nasjonal forskrift. Her finn du eit samandrag av desse.
Ikkje søknadspliktig på barmark
Utan søknad kan motorkjøretøy nyttast i utmark på både snødekt og bar mark i samband med:
- Politi-, ambulanse- og redningsteneste
- Oppsyns- og tilsynsteneste etablert med heimel i lov
- Offentleg post- og teletenester
- Nødvendig person- og godstransport til og frå faste bustadar
- Nødvendig person- og godstransport i jordbruks-, skogsbruks- og reindriftsnæring
- Forsvarets øvingar, forflytningar og transportar
- Anlegg og drift av vegar og anlegg
- Rutetransport
- Transport ved jakt. Gjeld berre transport av jaktutbytte. Transport av jegerar og utstyr ut i jaktterreng, eller under utøving av jakta, er ikkje tillatt.
- Nødvendig transport i samband med fiskekultiveringstiltak i offentleg regi.
Ikkje søknadspliktig på snødekt mark
- Nødvendig transport for drift av turistanlegg
- Nødvendig materialtransport til bygging i samsvar med byggeløyve
- Preparering av skiløyper og skibakkar av idrettslag, hjelpekorps, turlag eller turistbedrifter.
- Nødvendig køyring i samband med vitskaplege undersøkingar
- Nødvendig transport av ved frå eigen eigedom til fast bopel
- Praktisk køyretrening på nærare fastsette område
- Transport i samband med kommunalt organiserte akuttiltak for å redusere risiko for påkjørsel av elg og anna hjortevilt ved veg eller jernbane
- Nødvendig søk etter skadd storvilt utanom ordinær jakt
Kontakt kommunen ved behov for nærare opplysningar om kva som ligg innafor dei ulike føremåla.
Sist endret 20.01.2023 13:47