Transport for person med funksjonsnedsetting
Etter søknad kan det gis løyve til bruk av snøskuter for transport for person med funksjonsnedsetting til privat hytte.
Informasjon om vilkår og søknadsskjema
Det er §5b i nasjonal forskrift som opnar for dette transportføremålet. Verd å merke seg om ordninga:
- Kan berre gis ved varig funksjonsnedsetting. Personar som har problem med å bevege seg på grunn av alder eller midlertidig sjukdom kjem ikkje inn under denne regelen.
- Legeerklæring skal leggast ved kvar gong det blir søkt. Bruk dette skjemaet for legeerklæring for å sikre at all informasjon kjem med (PDF, 2 MB)
- Det skal søkast i namnet til personen som har funksjonsnedsetting og han eller ho blir også innehavar av løyvet. Inntil to andre personar kan vere ledsagar på snøskuteren.
- Jfr. Surnadal kommune sine retningsliner for motorferdsel i utmark blir det gitt ubegrensa tur-retur til hytte pr. vintersesong med snøskuter til dette føremålet. I tillegg er det mogleg å søkje om å få lov å køyre til venner på hytter i nærområdet.
Søknadsskjema og annan nyttig informasjon finn du her
Sist endret 24.02.2023 12:20