Søknad om bruk av helikopter skal behandlast i tråd med §6 i lov om motorferdsel i utmark og vassdrag. Verdt å merke seg om dette er:
- søkaren må påvise eit særleg behov,
- behovet må ikkje være knytt til turkøyring,
- behovet må ikkje kunne bli dekt på annan måte,
- behovet må vurderast i høve til faren for mulege skadar og ulemper ut frå målet om å redusere motorferdselen til eit minimum.
Det er berre start og landing, og ikkje sjølve flyginga, som er søknadspliktig. At helikopteret står like over bakken for å laste og losse er å rekne som start og landing. For å behandla søknaden treng vi å vita kor mange turar du vil ha, kor mange dagar flyginga skal gå føre seg og i kva tidsperiode.
Lokale retningsliner
I våre lokale retningsliner heiter det:
Søknadar skal behandlast i tråd med §6 i motorferdselloven. Løyve til bruk av luftfartøy kan berre bli gitt for eit bestemt antall turar innafor eit avgrensa tidsrom og ikkje til persontransport. Perioden 01.04. – 15.07 vurderast som hekke- og yngletid for fugl og vilt, og helikoptertransport bør om muleg unngåast. Likeins bør perioden mellom kl. 12.00 laurdag og kl. 16.00 søndag unngåast.
Sjå retningsliner for bruk av luftfartøy i Surnadal kommune
Søknadsskjema for bruk av helikopter
Kart til søknad om motorferdsel i utmark
For best muleg dokumentasjon skal det følgje eit kart med alle søknadar om motorferdsel i utmark. Her skal omsøkt køyretrase markerast, eventuell start- og landingspunkt ved bruk av helikopter.
Her er link til eit kartprogram med ein enkel teikne- og utskriftsfunksjon. Kartet blir lagra i A4-format og skal leggast ved det elektroniske søknadsskjemaet som PDF-fil.