Kontroll av serverings-, sals- og skjenkestader
Kommunen har ansvaret med å føre kontroll over alle stadar med skjenke- og salsbevillingar av alkoholhaldig drikke.
Kort beskriving
Kommunen har ansvaret for å føre kontroll med utøvinga av kommunale bevillingar til skjenking av alkoholhaldig drikk, sal av alkoholhaldig drikk og statlege bevillingar etter alkohollovens § 5-3 første ledd, herunder kontroll med føring av internkontroll etter kapittel 8 i "forskrift om omsetning av alkoholholdig drikk m.v".
I tillegg til ordinær skjenkekontroll ønskjer kommunen at skjenkekontrollørane skal utføre:
- kontroll i medhald til tobakkskadelovens § 6 samt IK -alkohol i alkoholforskrifta sin § 8-2, jfr. 1-9 i alkoholloven, jfr. prosedyre for røykekontroll ved serveringsstadar.
- sanitærkontroll, dvs. at dei sanitære anlegga i verksemda har ei helsemessig forsvarleg utforming, jfr. prosedyre for sanitærkontroll ved skjenkestadar.
- hygienekontroll. Ved openberre uhygieniske tilhøve knytt til matproduksjon eller distribusjon, skal det umiddelbart sendast bekymringsmelding til Mattilsynet som rette instans, jfr prosedyre for sanitærkontroll ved skjenkestadar.
- brann- og rømningstryggleik. Ved openberre brot på brannforskriftene skal det umiddelbart sendast bekymringsmelding til Brann- og redningstenesta i kommunen
Meir informasjon om føremålet og omfanget til anskaffinga er tatt inn i bilag nr. 1 Kravspesifikasjon.
Sist endret 21.07.2023 08:57