Hoppid.no-midlarHar du lyst til å starte bedrift? Ønsker du å vidareutvikle bedrifta di? hoppid har fleire program som kan hjelpe deg som gründer. I Surnadal kommune får du tilgang til hoppid-tenester og rådgivande førstelinjeteneste ved å kontakte næringskonsulent Harald Bredesen. Både nyetablerarar og etablerte günderar er velkomne. Hoppid-kontoret tilbyr bedriftsrådgiving og formidlar tilbod om aktuelle kurs og opplæring. Du kan også få råd om tilskot, søknadsprosessar og finansiering. Tilbodet er gratis. Hoppid.no er eit samarbeid mellom Møre og Romsdal fylkeskommune, Surnadal kommune, Innovasjon Norge og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Les meir om ordninga hoppid.no Sist endret 07.06.2023 12:23