Tilskot til tiltak i beiteområde

Målet med tilskotet er å leggje til rette for best muleg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremme fellestiltak i beiteområda.

Sauer på utmarksbeite Ingebrit G. Moen

Tilskot til tiltak i beiteområde skal bidra til god beitebruk gjennom infrastruktur i beiteområda. Det kan søkast om både planleggings- og tilretteleggingstiltak i tillegg til investeringar knytt til utmarksbeita.

Søknadsfristen er i 2024 1.juni. Seinare år blir det 15. mars. 

Søknader sendast inn digitalt via:  ID-porten/Altinn.

Meir informasjon

Lokale retningslinjer for tilskot til tiltak i beiteområde i Surnadal kommune 2024-2028 (PDF, 2 MB)

Du kan lese meir om ordninga på Landbruksdirektoratet.no

Forskrift om tilskot til tiltak i beiteområder