SkogsvegHer er informasjon om tilskot til bygging av skogsveg.Surnadal kommune har fastsett slike reglar for tilskot til skogsvegar i 2024Skogsbilveg, inkludert snu- og lunneplassar: inntil 55 % tilskott.Lassbærarveg/Traktorveg kl. 7: 20-40 % tilskott. Høgaste sats der vegen kan ombyggast til skogsbilveg.Støtte til dekking av kostnader ved innleige av hjelp til vegplanlegging/ byggeleiing – lik sats som tilskot til vegbygginga. Auke % ved bruk av godkjent vegplanleggjar og prosjektleiar 5% + 3 %.Før anleggsarbeidet vert sett i gang skal det føreligge ein byggjeplan godkjent av kommunen. Denne skal leggast ved søknad om tilskot.Meir om vilkår for at skogsveg skal være tilskottsberettigetVegplana skal være godkjent av kommunen.Vegen skal utgjere ein del av det permanente vegnettet.Søknaden skal gjelde nyanlegg og/ eller ombygging.Det skal vere planlagt snu- og velteplassar.Det kan setjast vilkår for utbetaling av tilskot til dei einskilde tiltaka, jf. §3 i Forskrift om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Vilkåra må vere i samsvar med formålet med tiltaka.Ved byggekostnad større enn kr 200.000,- er det krav om at byggjearbeidet skal konkurranseutsettast.Opprusing av forsømt vedlikehald er ikkje tilskottsberetiget.Prioriteringsgrunnlag for tilskotSkogsbilvegar blir prioriterte framfor traktorvegar.Ved prioritering av søknader vert det vurdert om vegen er planlagt i tråd med hovudplan eller anna kommunalt prioritert vegplan.Det vert vurdert om vegen vil bidra til å ta vekk grunnlaget for å få bygd ut større samarbeidsprosjekt.Samarbeidstiltak vert prioritert framfor søknader som gjeld einskild skogeigarar, der det er grunnlag for slike vegløysingar.Løysing av flaskehalsar og positiv nytte/kost rundt tiltaket gir også prioritet.Det vert vurdert om vegen vil utløyse stor aktivitet, nært føreståande, framfør på lang sikt.Jordskiftevegar vert prioritert framfor andre vegar som elles vert vurdert likt.Søknadsfrist første tildelingsrunde: 15. mars.Søknadsfrist andre tildelingsrunde: 15. august. Søknadsskjema for å søke om å bygge skogveg finn du her.Søknadsskjema for å søke om statstilskott for skogsvegbygging finn du her. Sist endret 13.03.2024 08:51