Henting skal skje innan 5 virkedagar. Merk kadaverplassen godt om du ikkje er heime, og hugs at plast ikkje må forekome i leveransen til kadaverbilen.
Les meir om kadaverhenting hos Nortura
Registrering for innlevering av kadaver
Ved innmelding av kadaver, hugs:
- Dyr som det skal takast prøve av skal ha øyremerker.
- For alle andre dyr skal øyremerker fjernast.
- Hestesko, klave, tjor, tauverk, plast mv. skal også fjernast.
- Plast må ikkje førekome i leveransen til kadaverbilen!
- Ta dyret ut av fjøset og legg dyret på ein tørr, skuggefull, og godt merka plass.
- Ha ein fast plass for henting av kadaver, plassen må være lett tilgjengeleg for kranbil.
- Dekk dyret til med trelemmar eller trepallar, litt luft er bra. Ikkje bruk plast!
Du pliktar å varsle Mattilsynet om daude produksjonsdyr etter visse kriterie.
Skjema for innmelding av daude produksjonsdyr til Mattilsynet for hjerneprøve.
Melding om daude dyr gjeld for følgande artar og alder:
- Daude storfe over 2 år
- Daude sauar og geiter over 18 månadar
- Daude hjortedyr (inkludert tamrein) over 12 månader
Når det gjeld storfe, vil Mattilsynet i utgangspunktet berre ta prøvar av daude storfe over 4 år.