Eigarskifte

Alt erverv av fast eigedom krev i utgangspunktet konsesjon (løyve).
Unntak er overdraging innan nær familie eller odelsberettiga til eigedomen. I tillegg er det gjort nokre unntak i samband med erverv av mindre tomter til bustadar og fritidshus, samt bebygd eigedom. 

Ved konsesjonsfridom krevst eigenfråsegn om dette før overdraging/erverv.

Søknad om konsesjon for erverv av fast eigendom

Søknadsskjema lastast ned fra Landbruksdirektorates nettside eller fås hos landbrukskontoret, og sendes kommunen. Det er jordbrukssjef som er saksbehandlar. Søknaden behandlast av teknikk-, miljø- og næring som fattar endeleg vedtak i saka.

Konsesjonsfriheit

Det er konsesjonsfriheit ved erverv av mindre tomter til bolig og fritidshus, samt bebygd eigendom.  Unntaket for bebygd eigendom gjeld kun om eiendommen ikkje er større enn 100 dekar, der ikkje meir enn 35 dekar av arealet er fulldyrka eller overflatedyrka jord. Det må også søkast om konsesjon i forbindelse med leigerett og anna liknande bruksrett over fast eiendom, med mindre retten er stifta for høgst 10 år. Søknadsskjema kan lastast ned hos Landbruksdirektoratet eller fåast hos landbrukskontoret. Det må følge skjøtet til tinglysing, om ikkje nektas tinglysing.

Betalingssatsar

For behandling av søknader om konsesjon skal det betalast eit behandlingsgebyr.

Skjema og mer informasjon

Skjema for søknad om konsesjon og eigenerklæring om konsesjonsfrihet finn du hos Landbruksdirektoratet. Her finner du også mer utfyllende informasjon.

Meir informasjon om konsesjon og buplikt frå Statsforvaltaren.

Odel

Informasjon om odel frå:

landbruksdirektoratet.no

advokatenhjelperdeg.no

Produsentnummer

Har du behov for produsentnummer for ein landbrukseigedom i Surnadal kommunene må du ta kontakt med oss på  landbrukskontoret. Vi trenger da noko basisinformasjon for å kunne opprette eit produsentnummer, ved å lage ein driftstilknytning mellom di verksemd og eigedomen kor verksemda drivast.

Kva er eit produsentnummer:

Alle som skal levere landbruksprodukt må ha eit produsentnummer registrert i Produsentregisteret.  Før 15. november 2023, var nummeret knytta til gardsnummer, bruksnummer og organisasjonsnummer (fødselsnummer for hobbyforetak).  Produsentnummer laga no,  vil være eit «dumt» løpenummer.  Det betyr at det ikkje er mogleg å lese kommunenr. og gardidnr. fra nummeret. 

.Landbrukets Dataflyt har no ansvaret for produsentnummeret  (før var det Landbruksdirektoratet).  Saksbehandlarar i kommunen skal framleis opprette knytning mellom føretak og landbrukseigedommar, slik at føretaka får registrert driftssenter i Landbruksregisteret.  Landbrukets Dataflyt får automatisk informasjon frå Lanbruksregisteret når ei ny knyting mellom eit føretak og ein landbrukseigedom har skjedd. Nytt produsentnummer blir normalt raskt tilgjengeleg i systema hos Landbrukets Dataflyt, og seinast innan ein time etter at informasjonen om ny knytning i Landbruksregisteret er tilgjengelig for Landbrukets Dataflyt.

Saksbehandlar og føretaket kan finne føretakets produsentnummer ved å søkje på organisasjonsnummer her.

Be om eit produsentnummer:

For å få eit produsentnummer i Surnadal kan du sende ein e-post til nokon av oss på landbrukskontoret, eventuelt ringe. Da skal du opplyser følgande:

  • Organisasjonsnummer til føretaket som skal ha driftstilknytning
  • Kva eigedom verksemda drivast på (adresse og/eller gnr/bnr)
  • Ein kort beskrivelse av drift og kvifor du treng produsentnummer

Dersom du kun driver ein hobbyproduksjon, og ikkje har noko organisasjonsnummer, trenger vi opplyst ditt personnummer for å kunne opprette produsentnummer.