Vald og overgrep

Vald i nære relasjonar, overgrep og valdtekt kan råke menneske uansett alder og kjønn. Ikkje alle veit kva slags hjelp dei kan få eller kvar hjelpa finst. Mange ønskjer også meir kunnskap om vald og overgrep.

Nasjonale hjelpetilbod

Dinutvei.no gjr oversikt over ulike hjelpetilbod, lokalt og nasjonalt. På dinutvei.no finn du også informasjon, fagstoff og ei spørsmåls- og svarteneste, der du kan stille spørsmål og få svar anonymt eller på e-post.

Vegvisaren gjev oversikt og informasjon til utsette for vald, overgrep og valdtekt, pårørande og bekymra, dei som utøver vald og til fagpersonar.

Dinutvei.no er utvikla av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) på oppdrag frå Justis- og beredskapsdepartementet, og er ein del av innsatsen frå regjeringa for å førebygge vald i nære relasjonar.

______________________________________________________________

Surnadal kommune har utarbeidd ei lokal handlingsplan for vald i nære relasjonar gjeldande frå 2023-2027.

Handlingsplan for vald i nære relasjonar (PDF, 804 kB)