Sjukeheimen har 52 langtidsrom.
Kven får tilbodet?
Langtidsopphald blir innvilga dersom fagteamet vurderer at behovet for langtidsplass er til stades.
Følgjande kriterie blir lagt til grunn
- Pasienten har eit omfattande bistandsbehov
- Pasienten er varig ute av stand til å ta vare på seg sjølv
- Behovet for helse- og omsorgstenester, pleie og omsorg på eit forsvarleg nivå kan ikkje dekkast i eigen heim. Øvrige kommunale tenester og bruk av velferdsteknologi skal være utprøvd og vurdert, men funne utilstrekkeleg.
Det er langtidsplassar på alle avdelingane.
Kva kostar tilbodet?
Det gjeld eigne reglar og satsar for betaling av langtidsopphald.
Sist endret 19.12.2022 13:57