Kva tilbyr vi?
Omsorgsbustadene er tilrettelagt for bevegelseshemma personar. Dersom du bur i omsorgsbustad, blir det rekna som din eigen heim, og du betalar husleige som i eit vanleg leigeforhold.
Omsorgsbustadane har fast bemanning som jobbar i turnus. Nattevakta ved heimesjukepleia har tilsyn på natt. Bebuarane ved omsorgsbustaden blir tildelt heimesjukepleie etter behov, på lik line med andre heimebuande.
Korleis få omsorgsbustad?
Omsorgsbustad får du ved å benytte søknadskjema nedanfor.
Surnadal kommune har teke i bruk Husbanken si løysing KOBO, for handtering av søknader på omsorgsbustad.
Det er koordinerande eining som behandlar søknaden og du får vanlegvis svar innan fire veker.
Lenke til digitalt søknadsskjema