Kva har du rett til?
- Du har rett til å sjå journalen din.
- Du har rett til å vite kven som har sett journalen din.
- Du har rett til å vite kven som har fått opplysningar frå journalen din.
Pårørande eller andre med fullmakt kan også få innsyn dersom du har samtykka til dette.
Kan du bli nekta innsyn?
Helsepersonell kan seie nei til heile eller delar av journalen, dersom dei meiner det kan skade deg eller andre. Dette skjer berre unntaksvis. Dersom du får avslag, kan du klage til Statsforvaltaren
Slik ber du om innsyn
Det tar nokre dagar å behandle førespurnaden din. Journalen blir difor ikkje sendt ut same dag.
Treng du hjelp til å skrive ut skjema kan du ta kontakt med Sørvistorget.
Les meir:
Dersom du har spørsmål, ta kontakt med oss.
Innsyn i vedtak
Vedtak er ei samling av opplysningar om deg og den helsehjelpa du er tildelt.
Du har rett til å få innsyn i vedtaket ditt, kven som har hatt tilgang til det og kven som har fått utlevert opplysningar.
Ein pårørande eller ein annan person med fullmakt, kan også få innsyn i vedtaket ditt.
I heilt spesielle tilfelle kan helsepersonell nekte deg innsyn i heile eller delar av journalen.
Viss du ikkje får innsyn kan du klage til Statsforvaltaren.
I førespurnaden skal du markere du for kva vedtak du ønskar utskrift av og for kva tidsperiode.
Grunna saksbehandlingstid blir ikkje vedtaket utlevert same dag.