Avlastning

Avlastning er eit tilbod til personar og familiar med særleg tyngande omsorgsoppgåver. 

Avlastning

Du får tilbod om avlastning dersom du har særleg tunge omsorgsoppgåver. Dette for å hindre overbelastning, samt å gi deg nødvendig fritid og ferie og anledning til å delta i vanlege samfunnsaktivitetar.

Kva får du?

Du kan få døgn-, dag-, ferie-, privat- og institusjonsavlastning, avhengig av behovet som skal dekkjast.

Kvar kan avlastning bli gitt?

Avlastning kan bli gitt på ulike stader:

Avlastning for barn og unge:

  • Heime hos deg/dykk (ein person kjem heim til deg/dykk og er saman med barnet medan du og/eller resten av familien er heime/borte)
  • I heimen til avlastaren/besøksheimen
  • I avlastningsbustad med personale som er tilsett i kommunen.

Avlastning for eldre:

  • Avlastningsopphald ved Surnadal sjukeheim

Kva kostar det?

Avlastningstilbod er gratis.

Korleis søkje om avlastning?

Søknadsskjema ligg her.

Søknadskjemaet skal sendast:

Surnadal kommune ved Koordinerande eining
Bårdshaugvegen 1
6650 Surndadal

Kven kan vere avlastar/besøksheim?

Det kan enten vere ein person/familiemedlem som du/de foreslår eller ein som kommunen foreslår.

Kommunen må godkjenne vedkommande som er avlastar/besøksheim.

Ring eller ta kontakt med Koordinerande eining ved rådgjevar Elizabeth Miciano, dersom du vil jobbe som avlastar/besøksheim.