Kven kan få tilbodet?
Vi tilbyr gode og individuelt tilpassa tenester til personar som har utfordringar med rus og samansette behov. Alle som kontaktar oss får tilbod om hjelp så tidleg som muleg.
Ta kontakt for hjelp og støtte dersom
- du rusar deg aktivt (illegale rusmiddel og/eller alkohol)
- du har tidlegare rusa deg og er redd for tilbakefall
- du kjenner på press til å ruse deg
- du er bekymra for nokon som rusar seg eller du trur rusar seg
- du er pårørande til nokon som rusar seg
Kva tilbyr vi?
Vi tilbyr hjelp og utformar tiltak ut i frå kvar person sine ønsker og behov. Dette kan for eksempel vere:
- støttesamtalar
- råd og rettleiing
- informasjon
- koordinering og individuell plan ved behov
- hjelp til vidare henvisning til spesialisthelsetenesta / rusinstitusjonar
- oppfølging/bistand før, under og etter opphald i spesialisthelsetenesta eller fengsel
- oppfølging ved Legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
Ruskonsulenten har gratis utdeling av brukarutstyr.
Korleis kontakte ruskonsulent?
Du kan ta kontakt med tenesta direkte. Tenesta er gratis og ruskonsulenten har teieplikt. Du treng inga henvisning. Ruskonsulenten held til ved Elvebredden møteplass, som er ei avdeling for psykisk helse og rus ved Sommerrotunet Aktivitetshus, Røssmovegen 26, 6650 Surnadal. Sjå kontaktinformasjon og kart på denne sida.
Foreløpig kontortid:
- Tirsdager kl. 09.00-15.00
Ved henvendelsar utanfor opningstida til ruskonsulenten ta kontakt med fagleiar innan psykisk helse og rus Marit Solem Meisingset på
mobil: 917 69 241
eller på mail: marit.solem.meisingset@surnadal.kommune.no
Hjelpetelefonar:
Rustelefonen Tlf. 915 08 588
AA Anonyme Alkoholikere Tlf. 911 77 770
Orkdal og omegn Krisesenter Tlf. 724 82 410