Psykisk helsehjelp for vaksne

Dette er eit lågterskeltilbod til deg som er over 18 år og har psykiske utfordringar. Tilbodet er gratis og du kan ta direkte kontakt.

Kven kan få tilbodet?

Mottakarar av tenesta vil i hovudsak vere vaksne over 18 år, som:

  • har eller står i fare for å utvikle psykiske lidingar,
  • rusmiddelbruk
  • eller har vorte utsett for vold, traumer og overgrep.

Psykisk helsehjelp er eit lågterskeltilbod der du ikkje treng henvisning. Du kan kontakte oss direkte. Vi samarbeider også med andre instansar i kommunen, slik som skular, barnehagar, helsestasjon, fastlegar og liknande. 

Kva får du?

Du kan få tilbod om samtalar og rettleiing ved depresjon, angst, samlivsbrot, sjølvmordstankar eller andre grunnar som gjer at du slit psykisk.

Tilbodet er avhengig av kor alvorleg situasjonen din er og kva som må til for at du får det betre. Ved behov kan vi samarbeide med og rettleie vidare til andre tenester for å finne rette tilbod. Dette kan for eksempel vere:

Kva kostar tilbodet?

Tilbodet er gratis.