Bustadsosialt arbeid og oppfølging

Bustadsosial oppfølging er eit tilbod til personar i alderen 18-50 år med ulike behov for bistand til å meistre å bu i eigen bustad og handtere samansette utfordringar i kvardagen.

Kven kan få tilbodet?

Tenesta er frivillig og den enkelte må sjølv ha eit ønske om å ta i mot tilbodet.

Tilbodet er retta inn mot:

  • personar mellom 18-50 år.
  • personar som treng hjelp til å halde på arbeid eller følgje opp skulegang eller tiltak som er igangsett gjennom NAV.
  • personar med lettare psykiske lidingar, rusproblematikk eller samansette lidingar.
  • personar som skal etablere seg i bustad for første gong, eller som står i fare for å miste bustaden sin og treng rettleing i forhold til å lære seg rutinar og nødvendige oppgåver for å bu og behalde eigen bustad.

Kva tilbyr vi?

Vi tilbyr oppfølging av personar som treng bistand for å klare å behalde  bustaden sin. Oppfølginga kan skje gjennom bu rettleiing, oppfølging i bustad eller gjennom rettleiing av økonomi/budsjett. Oppfølging kan skje både i heimen, på Sommerotunet eller utanfor heimen.

Vi etablerer kontakt vidare til andre hjelpeinstansar dersom det blir avdekt behov for meir omfattande oppfølging, som ved for eksempel meir alvorleg rus og psykiske lidingar. I tillegg tilbyr vi

  • aktivt motivasjonsarbeid og tett oppfølging for å klare å behalde jobben sin, fortsette på skule og følgje opp tiltak som er igangsett av NAV.
  • bistand til personar med å halde seg til og følgje opp avtalar, oppretthalde forholdet til hjelpeapparatet.
  • igangsetting av ansvarsgrupper og Individuell plan i samarbeid med den enkelte ved behov for koordinering av tenester.

Kva er målsettinga vår?

Gjennom bustadsosialt arbeid og oppfølging har vi som mål å

  • førebygge at personar  mistar bustaden sin  gjennom å gjere dei i stand til å bu ved bruk av praktisk oppfølging, råd og rettleiing.
  • førebygge rus og psykiske problem gjennom rettleiing og oppfølgjing av unge som står i fare for å misse arbeid, skuleplass, tiltak gjennom NAV, eller oppfølging frå andre instansar i hjelpeapparatet.
  • førebygge at personar med hjelpebehov blir ståande utan noko hjelpetilbod.

Det bustadsosiale arbeidet skal vere samordna med kommunen sine øvrige tenester, slik at desse kan betrast og forsterkast.

Korleis søke om tilbodet?

Alle einingar i Surnadal kommune kan søkje inn aktuelle personar. Innsøkjing skal skje med samtykke eller underskrift frå brukaren/søkjaren.

  • Det skal brukas eit eige søknadsskjema som skal sendast Surnadal kommune  Helse og familie, Bårdshaugvegen 1, 6650 Surnadal.
  • Den enkelte kan også sjølv ta direkte kontakt med rettleiar, ved Bustadsosialt arbeid.

Søknadsskjema:  SØKNAD OM BUSTADSOSIAL OPPFØLGING (DOCX, 36 kB)