Aktivitetskontakt psykisk helse og rusAktivitetskontakt psyksisk helse og rus er eit lågterskeltilbod for deg over 18 år som slit med psykisk helse og /eller rus. Vi gir også tilbod til dine pårørande.Kven kan få tilbodet?Personar som slit med rus (legale og/eller illegale rusmiddel) og som har mål om å bli rusfri, og treng hjelp til å oppnå dette.Personar som har utfordringar med psykisk helse, som ikkje er i arbeid eller anna aktivitet.Pårørande til personar som slit med psykisk helse og/eller rusproblematikk.Kvifor delta?Å delta i aktivitet kan bidra til at du kjem ut i frå isolasjon og einsemd. Aktivitet kan bidra til at du endrar livsmønsteret ditt og får auka livskvaliet. Gjennom å delta i ein aktivitet kan du kjenne at du høyrer til og bli kjend med nye folk. Slik kan du bli sterkare og få det betre psykisk eller bli meir motivert til å bli rusfri.Kva aktivitetar kan du få?Aktivitetar blir tilpassa etter dine ønske og behov. Dette kan vere individuell aktivitet eller i gruppe, som for eksempel: oppfølging etter opphald i spesialisthelsetenesta/rusinstitusjonarstøttesamtale og rettleiingbistand til pårørandeturar og fysisk aktivitetinnandørs klatringsosiale aktivitetarkreativ verkstadpraktisk verkstadKva kostar tilbodet?Tenesta er gratis og dei tilsette har teieplikt.Korleis får du tilbodet?Du treng inga tilvising frå fastlege eller andre. Vaksne over 18 år, pårørande og tverrfaglege samarbeidsaktørar kan ta direkte kontakt på telefon, e-post eller personleg oppmøte. Aktivitetskontakten held til på Elvebredden møteplass ved Sommerrotunet Aktivitetshus i Røssmovegen 26. Sjå kontaktinformasjon på denne sida. Sist endret 16.10.2024 09:59