Søk om rehabilitering
Søk om rehabilitering ved å bruke søknadsskjemaet for helse- og omsorgstenester
Kva får du?
Rehabilitering kan omfatte oppfølging av fysioterapeut, ergoterapeut, aktivitør, sosionom, lege, sjukepleiar og heimetrenar. Målet er at du skal få best muleg funksjonsevne, føle meistring og sjølvstende i kvardagen, og kunne delta sosialt og i samfunnet.
Du kan få tenesta i din eigen heim, i nærmiljøet, på arbeidsplassen, på eit senter eller ein institusjon, avhengig av behov og komplikasjonar. Rehabilitering blir gjeve for ein begrensa periode.
Krav til søkjar
Du har fått nedsett funksjonsevne og meistrar ikkje lenger kvardagen din som før. Det kan for eksempel gjelde personleg stell, matlaging, reingjering, deltaking i sosiale samanhengar, skule, arbeid eller andre aktivitetar.
Kva kostar det?
Rehabilitering er gratis. Tilbod hos fysioterapeut med driftsavtale kan omfatte eigenandel.
Kva skjer vidare?
Når du søkjer om helse- og omsorgstenester er det Koordinerande eining i kommunen som behandlar søknaden.