Heimehjelp og praktisk bistandHeimehjelp er eit tilbod til personar som er avhengig av hjelp og praktisk bistand i kvardagen på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller andre årsakar. Søk om heimehjelp Søk heimehjelp og praktisk bistand ved å bruke søknadskjemaet for helse- og omsorgstenester I søknadsskjemaet beskriv du kva hjelpebehov du har og kva tenester du meiner du treng. Vi vurderer helsetilstanden din og finn det helsetilbodet som passar best for deg. Har du allereie heimehjelp? Kontakt heimetenesta. Kontaktinformasjon i kolonna til høgre. Kva får du? Du kan få hjelp til blant anna: personleg hygiene og stell matombringing matlaging, og i nokre tilfelle handling av varer reingjering klesvask Krav til søkjar Du må ha behov for hjelp på grunn av sjukdom, funksjonshemming eller alder. Du må vere busett i Surnadal kommune. Kva kostar det? Husstanden si samla inntekt bestemmer kor mykje du må betale for heimehjelp/praktisk bistand Sjå prisar for heimetenester Sist endret 17.08.2023 10:50