Betalingsinformasjon

Når kjem faktura?

Kommunale avgifter blir fakturert fire gonger pr år med forfall 20.mars, 20.juni, 20. september og 20.desember.

Spørsmål om faktura

Dersom du har spørsmål om faktura frå kommunen, tek du kontakt direkte med den eininga som har ansvar for eller har utført tenesta.

Ved for sein betaling

Ved for sein betaling vil du bli belasta med renter og gebyr etter gjeldande satsar, fastsett av staten.

Brevgiro og avtalegiro

Kommunen har teke i bruk den nye fakturablanketten som er standardisert opp mot digipost.
Han har ikkje girodel og kan dermed ikkje bli brukt ved brevgiro.
Oppmodar alle om å inngå avtalegiro som er ei trygg og god ordning.