Klage på fastsett eigedomsskattetakst kan fremmast kvart år i forbindelse med utskrivinga av eigedomsskatten, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare.
Ein eventuell klage blir først behandla av Sakkyndig nemnd for eigedomsskatt. Om klagar ikkje får medhald, går klagen vidare til ei kommunal Klagenemnd for eigedomsskatt.
Ei klagebehandling kan resultere i at taksten blir ståande, blir redusert eller auka. Saksbehandling skjer i samsvar med Lov om eiendomsskatt §19 og §14.
Eigedomsskatten må betalast innan forfall sjølv om du klagar på taksten.
I klagen må du angi gards- /bruksnummer/festenummer/seksjonsnummer for eigedommen. Dette finn du på skatteseddelen din. Forklar kva du meiner er feil i eigedomsskattetaksten.
Klagen må vere skriftleg og vere sendt innan 6 veker frå du mottok skatteseddelen til:
Surnadal kommune
Eigedomsskattekontoret
Bårdshaugvegen 1
6650 Surnadal
eller via e-post: post@surnadal.kommune.no