Dersom du har betalings- eller gjeldsproblem kan NAV gi deg økonomisk rådgiving. Hensikta med rådgivinga er å hjelpe deg slik at du blir i stand til å styre økonomien din sjølv.
Du kan be om økonomisk rådgiving dersom:
- du ikkje har midlar til å dekkje nødvendige behov
- du får vanskar med å betale rekningane og betene gjelda di
- du søkjer om økonomisk sosialhjelp
NAV tilpassar rådgivinga etter behova du har. Du kan for eksempel få hjelp til å lage ei oversikt over den økonomiske situasjonen din og sette opp eit realistisk budsjett.
Du kan også få hjelp til å
- finne ut korleis du kan få redusert utgiftene
- gjere avtalar med dei du skuldar pengar
- skrive søknad om utsetting av betaling
- få opplysningar om rettar og plikter
- inngå gjeldsordningsavtale
- forhandle med kreditorane
- kontakte namsmannen.
Dersom NAV-kontoret ikkje har kompetanse på alle område vil du få beskjed om kor du kan få den hjelpa du treng.
Sist endret 13.03.2023 10:29