Korleis kontakte NAV?
Vi oppfordrar alle til å bruke våre skriftlege kanalar og digitale løysningar på nav.no På nav.no kan du søkje om økonomisk sosialhjelp, dagpengar og andre ytelsar fra NAV. Her finn du også Ditt NAV-aktivitetsplan, chat og våre facebook-sider: NAV Foreldrepenger og NAV Jobblyst
Finn du ikkje det du treng her, kan du kontakte oss på:
NAV kontaktsenter: telefon 55 55 33 33, måndag-fredag kl. 09-15. Vi har også ein lokal vakttelefon: 91 87 18 07
NAV Indre Nordmøre tilbyr tenester du tidlegere fekk frå Aetat, trygd og sosialtenesta i kommunen. Ved å samordne tenestene våre ønskjer vi å gi deg eit betre tilbod enn vi greier kvar for oss.
NAV Indre Nordmøre - kontorinformasjon/åpningstider
Kommunale tenester på NAV
- Økonomisk sosialstønad (søk digitalt på nav.no eller bruk papirskjema)
- Opplysning, råd og rettleiing
- Gjeldsrådgjeving
- Medverke til å finne midlertidig butilbod for vanskelegstilte
- Bustadsosial oppfølging
- Husbankens bustønadsordning og startlån
- Kvalifiseringsprogrammet
- Individuell plan
Oversikt over kommunale tenester
Statlege tenester på NAV
Komplett oversikt over statlege tenester finn du på www.nav.no
Nokre av desse områda er samla i eigne forvaltningseiningar. NAV Indre Nordmøre kan bistå deg i å finne riktig eining.