Feiing og tilsyn i bustad

Gjennomføringa av lovbestemt feiing og tilsyn med fyringsanlegg i Surnadal kommune er regulert ved lokal forskrift. Målet er å redusere faren for brann så mykje som råd. Den lokale forskrifta finn du her.

Kor ofte får eg feiing?

Reingjering av røykkanalar og fjerning av sot skjer så ofte det er nødvendig for å hindre brann og/eller skade. Behovet blir fastsett  ved tilsyn eller etter feiaren si vurdering, på grunnlag av erfaring frå tidlegare gjennomført feiing, omfang og art. Det er difor ikkje gitt at det er behov for dette kvart år. 

Dette må du gjere før feiing

Kor ofte er det tilsyn med fyringsanlegg?

For å avdekke behov for reingjering av fyringsanlegg blir det gjennomført tilsyn. Tilsynet omfattar kontroll kvart fjerde år av:

  • Sotluker
  • Feiarluker
  • Omn
  • Brannmur
  • Oljetankar/røyrsystem
  • Røykrør
  • Skorstein.

I tillegg blir det utført visuell kontroll av pulverapparat og kontroll av røykvarslarar, samt opplysnings- og informasjonstenester. Tilsynet blir dekt av feiaravgifta.

Dette må du gjere før tilsyn

Teknisk kontroll

Teknisk kontroll blir utført dersom huseigar ber om undersøking av skorsteinen sin. Slik kontroll blir utført både på nye skorsteinar og skorsteinar som har hatt branntilløp.
Feiarvesenet utfører kontroll og gir råd ved montering av omnar og rehabilitering av skorsteinar.

Takstige

Feiarane registrerer og kontrollerer takstigane på husa. Kravet om fastmonterte stigar er innskjerpa. 
NB! Stigen må sikrast, slik at feiaren har ein mest muleg trygg arbeidsplass.

Varsling

Normalt blir det varsla om feiing ein eller to dagar før feiaren kjem. Varslet skjer ved skriftleg varsel i postkasse eller liknande. Huseigar skal da reise stige som ei stadfesting på at ein vil ha feiing. Dersom du har problem med å få reist stigen sjølv, ta gjerne kontakt med feiaren for å få hjelp.
Tilsyn blir varsla på same måte. Dersom oppgjeve tidspunkt ikkje passar, ta kontakt slik at vi kan avtale ny tid.