Frå 01.08.24
Surnadal kommune ligg i sentralitetssone 5 og 6 og er i følgje Statistisk sentralbyrå, sortert blant dei minst sentrale kommunane. Det vil seie at maksprisen på barnehageplassen skal reduserast frå 3000,- til 15.00,- frå og med 01.08.24.
Det vil gje desse satsane for barnehageplass i Surnadal kommune frå og med 01.08.24:
41 timar eller meir (100%) kr. 1500 pr. mnd
33 - 40 timar eller meir (82,22%) kr. 1230 pr. mnd
25 - 32 timar eller meir (64,44%) kr. 970 pr. mnd
Kjøp av enkeltdag kr. 160 pr. dag
Søskenmoderasjon
1. Barn som har plass i to ulike barnehagar, betaler etter samla dagtal.
2. Når ein familie har fleire barn i barnehage, blir det gitt slik søskenmoderasjon:
- 30 % reduksjon for 2. barn
- 100 % reduksjon for 3. barn
3. Det barnet i ein søskenflokk som får den høgaste foreldrebetalinga når eventuell
reduksjon for friplass er trekt frå, gjeld som barn nr 1 og får ikkje søskenmoderasjon.
Det barnet som får den lågaste foreldrebetalinga når eventuell reduksjon for friplass er rekna med, får moderasjon som det siste i søskenflokken.
Det blir gjeve søskenmoderasjon etter vanlege reglar på den delen eit barn ikkje har rett til friplass etter opplæringslova.
4. For tilbodet med enkeltdagar blir det ikkje gjeve søskenmoderasjon.
5. Det er høve til å søkje om å få redusert foreldrebetaling dersom betalinga av barnehageplass utgjer meir enn 6% av den samla dokumenterte inntekta til familien.
6. Dersom den dokumenterte inntekta er under gjeldande nasjonal sats,-, kan ein søkje om gratis kjernetid 20 timar pr. veke, når barnet er 2, 3, 4 og 5 år.