SMS-varsling

Surnadal kommune brukar varslingssystemet Gemini Varsling. Med dette systemet kan vi raskt varsle dei det gjeld ved behov, ut frå gateadresser. Gemini Varsling varslar via SMS, e-post og talemelding til fasttelefon.

Kvifor er dette nyttig for deg?

Vi varslar deg ved hendingar du treng å vite om. Det kan vere ved stenging av vatn, stengde vegar, evakuering, generelle sørvismeldingar eller andre situasjonar som krev rask informasjon.

SMS-varsel kan også bli brukt til å formidle informasjon til innbyggarane dersom kommunen har sett krisestab.

Får du varsel?

Gemini Varsling brukar tre register for å nå ut med informasjon til deg. Du har sjølv ansvar for di eiga oppføring.

Privatpersonar

Kontaktinformasjonen blir henta frå Kontakt- og reservasjonsregisteret til Digitaliseringsdirektoratet. Vi anbefaler deg å legge inn ditt mobiltelefonnummer og di e-postadresse i kontaktregisteret. Dei fleste henvendelsar frå det offentlige hentar kontaktinformasjonen din frå dette registeret, for eksempel til skattemeldinga. 
Oppdater kontaktinformasjonen din her (Norge.no)

Bedrifter

Bedrifta som er registrert på gateadressa, blir varsla ut frå informasjon registrert i Enhetsregisteret. Kontaktdata for bedrifter blir henta frå Altinn. Bedrifter med fleire adresser bør registrere desse som undereining hos Brønnøysundregistrene.
Registrere undereining hos Brønnøysundregisteret

Tilleggsregister - varslemeg.no

Tilleggsregister kan du bruke dersom du ønsker å motta varsel for ei bedrift eller for ei adresse som du ikkje er registrert med bustadsadresse på. Tilleggsregisteret blir brukt kun av din kommune. Det er difor viktig at du oppdaterer informasjonen i tilleggsregisteret dersom du flyttar til ein annan kommune. 
Gå til tilleggsregisteret her (Varslemeg.no)

Sårbare verksemder

Sårbare verksemder er for eksempel bedrifter som er avhengig av vatn for å drive.
Dette kan vere sjukehus og medisinske senter, alders- og sjukeheimar, lege og tannlegar, barnehagar og skular, næringsmiddelprodusentar og bønder/husdyrhald.
Tilleggsregisteret gjer at kontaktpersonar for verksemder kan knyttast til verksemda, med sitt telefonnummer. Kontaktpersonen vil da motta varsel frå kommunen samtidig med verksemda. 
Registrer deg i tilleggsregisteret her (Varslemeg.no)

Får du ikkje varsel?

Hemmeleg telefonnummer

Dersom du har hemmeleg telefonnummer og ønskar varsling, må du registrere deg i tilleggsregisteret (varslemeg.no). Kryss av for hemmeleg nummer når du registrerer deg.