Ønsker du å gå tilbake til å få post frå det offentlege på papir igjen, må du reservere deg mot å få post digitalt. Du kan gå til www.norge.no og reservere deg, eller ringe ID-porten brukerstøtte på 800 30 300.
Om du også veljer å avslutte den digitale postkassen din, kan du lagre alle dokument på di eiga datamaskin.
Deaktivere Digipost:
Du kan enkelt deaktivere kontoen din om du ikkje ønsker å benytte deg av Digipost.
- Logg inn i Digipost
- Trykk på knappen med namnet ditt eller eit tannhjul, slik at du kjem inn i innstillingane dine
- Velg Min konto i Digipost
- Under Deaktivere eller stenge konto veljer du Logg inn med BankID eller Buypass
- Gjennomfør autentisering
- Velg Deaktiver mottak av brev i Digipost
- Bekreft deaktivering
Hvis du ikkje har BankID eller Buypass tilgjengelig kan du fylle ut skjemaet for oppsigelse eller deaktivering og sende det til Posten og Bring Kundeservice.
Om du veljer å stenge kontoen, vil du ikkje lenger kunne logge inn i Digipost. Tre månader etter stenginga vil alt innhaldet i kontoen bli sletta. Det er derfor viktig at du hentar ut meldingar og filer før du avsluttar kontoen.
Hvis du gjenopnar kontoen innan tre månader, beheld du innhaldet slik det var da du valde å steng den. Tilgangar til andre postkassar må settast opp på nytt.
Kontakt brukerstøtte for å få hjelp:
Digipost: kundeservice@digipost.no eller tlf. 22 03 00 00
Deaktivere e-Boks
Gå til nettsida e-Boks brukerstøtte, les informasjonen nøye og følg instruksjonane
Få meir hjelp frå e-Boks:
e-Boks: kontaktskjema eller tlf. 22 89 85 04