Sommarles 1. juni - 31. august

Banner med illustrasjon av figurane Astrid og Asbjørn, terningar, kort og andre spel-relaterte ting. Mykje fargar i lillatonar. - Klikk for stort bilde

 Bli med på biblioteka si lesekampanje for barn!

Lenke til Sommarles.no

  • Sommarles er ei nettbasert lesekampanje for barn på 1. til 7. trinn.
  • I juni, juli og august kan ein registrere det ein les på nettsida (lese sjølv, høgtlesing, lydbok).
  • Det er gratis å delta på Sommarles, og barna gjer seg fortent til små premiar som dei hentar på biblioteket.
  • Ein kan og lese sommarles-forteljinga på sommarles.no. Det kjem som tekst, og som lydbok.
  • HENTING AV PREMIAR UTANOM OPNINGSTID: 
    • Vel ut premie for rett level ut frå bileta lengst ned i denne artikkelen.
    • Kontakt oss med informasjon om kven som skal ha premie og kva for premie.
    • Du hentar premien i 1. etasje i kulturhuset, på hylla for bøker til henting. Vi merkar premien med sommarlesaren sine initialar.

 

  • Målet er å motivere barna til å lese av eiga lyst. Det skal være gøy for barn å lese, også for dei som ikkje er så ivrige fritidslesarar i utgangspunktet. Det viser seg at barn som deltek på Sommarles opprettheld leseferdigheitane sine betre gjennom den lange sommarferien.
  • Lytting til lydbøker og høgtlesing tel også! Spør gjerne på biblioteket etter bøker å låne.

Meir om Sommarles: Sjå altom.sommerles.no

Premiar for level 10+20: armband, button, frisbee i stoff, klistremerker, klype til handduk, magnetisk bokmerke, spå, viskelær - Klikk for stort bildePremiar for level 10+20Bilde av ekstra premie på level 10 og 20: karabinkrok i lilla med grafikk fra sommarles. - Klikk for stort bildeLevel 10 + 20 ekstrapremie: KarabinkrokPremiar for level 30: briljantslipa glas, flate steinar, popsocket/mobilhaldar, pennal. - Klikk for stort bildePremiar for level 30Premiar for level 40: caps, frisbee i plast, mineral og steinar, quiz-bok. - Klikk for stort bildePremiar for level 40Premiar for level 50: Flaske med bladgull, gåvekort på kino, t-skjorte. - Klikk for stort bildePremiar for level 50Bilde av ekstrapremie på level 50: ulike smykkesteiner med kjede til. - Klikk for stort bildeLevel 50 ekstrapremie: Smykkestein m/kjede