Jodtablettar, jod og atomberedskap

Jodtablettar kan gi beskyttelse mot radioaktivt jod ved atomulykker. Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap anbefaler deg å ha jodtablettar heime.

Om jodtablettar

Opptak av radioaktivt jod aukar risikoen for å få kreft i skjoldbruskkjertelen. Dersom ei atomulykke fører til utslepp av radioaktivt jod, kan jodtablettar blokkere opptaket av radioaktivt jod. Jodtablettar beskytter berre mot radioaktivt jod, og ikkje mot andre radioaktive stoff.

Målgruppene for bruk av jodtablettar er barn og unge under 18 år, gravide og ammande. Desse gruppene har størst opptak av jod i kroppen, og vil ha mest nytte av tablettane. Det kan også bli gitt råd om inntak av jodtablettar til vaksne mellom 18 og 40 år.

11 spørsmål og svar om jodtablettar frå Direktoratet for stråling og atomsikkerhet.

Jodtablettar er ein del av eigenberedskapen

Jodtablettar kjøper du reseptfritt på apoteket og bør vere ein del av utstyrspakken for beredskap i heimen. Jodtablettar skal inntas så raskt som muleg etter at anbefaling er gitt frå Kriseutvalget for atomberedskap (dsa.no), og innan 4 timar etter eksponering for radioaktivt jod i luft, mat eller drikke.

Utdeling av jodtablettar til barn og unge

I Surnadal kommune er jodtablettar lagra i skular, barnehagar og institusjonar der barn og unge oppheld seg på dagtid. Ved ei atomhending der nasjonale myndigheiter anbefaler å ta jod i opphaldstida, vil barn og unge som er tilstades få utdelt jodtablettar. 
Dersom føresette ikkje ønsker at barna skal få utdelt jodtablettar, må føresatte aktivt reservere barna sine frå dette på førehand. 

Dette blir gjort ved å fylle ut eit skjema gitt frå skulen, barnehagen eller institusjonen.

Atomberedskap

Radioaktiv forureining og stråling kan gi helseskader. Dersom ei atomhending rammar oss, vil Kriseutvalget for atomberedskap komme med råd eller pålegg om korleis vi kan beskytte oss. Hald deg orientert via internett, tv og radio.