Kva bør du ha heime for ei veke?
Sjølv om det meste fungerer som det skal i Norge, må vi vere førebudde på at ekstremver, pandemiar, ulykker, sabotasje og i verste fall krigshandlingar kan ramme oss. Da er det viktig at nødetatane kan prioritere dei som treng hjelpa mest.
Dess fleire som er i stand til å ta vare på seg sjølv og hjelpe andre, dess betre rusta står vi som samfunn.
Eigenberedskap startar med at du tenker over korleis ei krise kan påverke deg og livet ditt. Korleis kan du sørge for å dekke dine grunnleggande behov ved en krise?
På sikkerhverdag.no finn du meir informasjon om grunnleggande ting du bør ha tenkt gjennom, og kva du treng for å ha god eigenberedskap om ulike kriser skulle oppstå. Ofte kan det vere små grep du kan gjere som skal til for at eigenberedskapen din blir god. Dette bør du ha:
- 20 liter reint drikkevatn per person lagra på kanner eller flasker.
- Mat som toler lagring i romtemperatur.
- Grill, kokeapparat eller stormkjøkken.
- Varme klede, pledd, dyner og soveposar.
- Fyrstikker og stearinlys.
- Ved dersom du har vedomn eller peis.
- Gass- eller parafinomn som er berekna for innandørs bruk er eit alternativ til vedfyring. NB: Sikker bruk
- Avtale om overnatting om du ikkje har alternativ oppvarming.
- Lommelykter eller hodelykter som går på batteri, sveiv eller solceller.
- DAB-radio som går på batteri, sveiv eller solceller. Les meir om varsling i kriser.
- Legemiddel og førstehjelpsutstyr.
- Jodtablettar (gjeld barn og vaksne under 40 år, gravide og ammande).
- Hygieneartiklar som våtserviettar, handsprit, bleier, dopapir og menstruasjonsprodukt.
- Batteri og ladd batteribank.
- Litt kontantar og fleire betalingskort. Les meir om eigenberedskap for betaling hos Norges Bank
- Mat og vatn til kjæledyr.
- Liste på papir med viktige telefonnummer som for eksempel nødnummer, legevakt, veterinær, familie, venner og naboar.
Hugs at det er betre å ha litt på lager enn ingenting!
Kva meiner vi med ei krise?
Med ei krise meiner vi ei uventa og uønska hending som rammar mange samtidig i eit større område. Kriser inneber fare for tap av liv og helse, og skapar store utfordringar for tenester og funksjonar i samfunnet som vi er avhengige av. Nokre eksempel kan vere:
- Fleire dagar utan vassforsyning pga. sammenbrudd på sentral del av vassinfrastrukturen
- Omfattande strømbrudd over dagar etter sabotasje på fleire punkt i kraftinfrastrukturen (fokus i 2024)
- Mobilnett, internett og elektroniske bank- og betalingsløysingar fungerer ikkje pga. cyberangrep (fokus i 2024)
- Sosial nedstenging pga. pandemisk utbrudd av influensavirus
- Uframkommelege vegar pga. ekstremver
- Mangel på legemidldel eller andre viktige varer pga. svikt i forsyningskjeden
- Oppfordring om opphald inne etter atomulykke