Beredskapsplan og ROS-analyser

Kommunen sitt ansvar

Kommunen har eit lovpålagt ansvar for samfunnstryggleik og beredskap i lokalsamfunnet (sivilbeskyttelsesloven). Vi jobbar systematisk for å legge til rette for eit samfunnstryggleiksarbeid som

  • beskyttar befolkninga og bidrar til å oppretthalde kritiske samfunnsfunksjonar
  • gir oversikt, kunnskap og medvitt om utfordringar knytt til samfunnstryggleik, og kva påverknad desse vil ha for befolkning og lokalsamfunn
  • reduserar risiko og sårbarheit gjennom førebyggende arbeid
  • sikrar god beredskap og krisehandteringsevne
  • ivaretar samarbeid og samordning med interne og eksterne samfunnssikkerheitsaktørar i kommunen
     

Til hjelp i dette arbeidet har kommunen utarbeidd følgande beredskapsplanar:

Overordna beredskapsplan 

Kommunen har utarbeidd ein overordna beredskapsplan med styringsdokument. Denne planen er meint som eit hjelpemiddel for at kommunen skal kunne reagere raskt og effektivt i kritiske situasjonar.

I beredskapsplanen finn du også ei oversikt over kommunen si kriseleiing og beredskapssekretariat. Desse personane blir kalla inn ved kriser eller større ulykker.

Overordna beredskapsplan 2024 - vedteke av kommunestyret 14.02.24 (PDF, 263 kB)

Styringsdokument 2024 - vedteke av kommunestyret 14.02.24 (PDF, 176 kB) 

Risiko og sårbarheitsanalyse

Det er gjennomført risiko- og sårbarheitsanalyser for å finne ut sannsynlegheita og konsekvensane av ulike hendingar som kan inntreffe i lokalsamfunnet.

Heilheitleg risiko- og sårbarheitsanalyse 2024 - vedteke av kommunestyret 14.02.24 (PDF, 2 MB)

Historiske hendingar  - oppdatert 07.02.2024 (PDF, 37 MB)

Plan for sosial- og helsemessig beredskap i Surnadal kommune 2012 - 2016

Kommunen skal i følge Lov om helseteneste i kommunane sørge for nødvendig helseteneste for alle som bur eller midlertidig oppheld seg i kommunen. Det omfattar hjelp ved ulykker og andre akutte situasjonar.

Beredskapsplanen er heimla i Lov om helsemessig og sosial beredskap av 23.06.2000. Helseberedskapsplanen er ein del av kommunen sin kriseplan og samordna med dei andre beredskapsplanane i kommunen (khl §1-5). Smittevernplanen (PDF, 11 MB) er ein delplan i forhold til helseberedskapsplanen.

Sjå Plan for sosial- og helsemessig beredskap 2012 - 2016  rev. juli 2014 (PDF, 2 MB)