Nytt frå kulturhuset

Før i tida hadde Tidens Krav ei side med det som vart kalla «smånytt» på folkemunne. Her kjem ein lokal oppdatert variant med nytt frå kulturhuset:

Bilde av Surnadal kulturhus.  - Klikk for stort bilde

BUSS: Området kring kulturhuset er litt inngjerda for tida, da det skal haldast utekonsertar her fredag og laurdag (21.–22. juni) som ein del av «Midtsommar i Surnadal». På- og avstigning for buss er difor flytta til litt nedpå nordsida av huset (mot Svorka/FK/Kiwi) fram til telt og inngjerding blir tatt ned på søndag.

MIDTSOMMAR VED KULTURHUSET: Forutan utekonsertar, torgplass og quiz, startar også «Surnadal Open» sin kunstnarlege rundtur frå kulturhuset fredag kl. 19. Torill Redalen og Siri Skjerve fortel om samarbeidsprosjektet sitt i Svorka.

NYE OPNINGSTIDER 1: Resepsjonen ved hotellet har utvida opningstidene sine. Det slår også positivt ut for kulturhuset, som med det blir ope alle dagar frå kl. 07 til kl. 22.30.

NYE OPNINGSTIDER 2: Biblioteket har gått over til «sommartid» og har ope kl.11–15 måndag–fredag. Men i og med at huset har utvida sine opningstider, vil alle med meirope tilgang kunne bruke biblioteket mellom kl. 07 og 22 veka gjennom. Merk at biblioteket vil halde stengt i vekene 30 og 31 – men vil vere tilgjengeleg for meirope-brukarane i denne tida.

SOMMARLES: Veldig stor oppslutnad om «Sommarles»-kampanjen for dei yngre. Om nokon ikkje kjem seg til biblioteket på dagtid for å hente ut premiar, kan dei få lagt ut desse for henting til andre tider. Oversikt på biblioteket si heime- og facebookside om kva ein kan velje mellom.

NAMNING AV VEG: Kommunen vil truleg tilrå «Litlhølvegen» som namn på kommunal veg i industriområdet i Røtet. Meir om namneforslaget, med høringsfrist, finn de på kommunen si heime- eller facebookside.

KINOEN: Kinomaskina er reparert, så no blir det vist film til vanlege tider (sett bort frå fredag 21.06, grunna utekonserten den kvelden).