Gløymt passord?
Dersom du ikkje mottar e-post med passord, sjekk om e-posten ligg i søppelpost.
Utfylling av søknadskjema
Alle felt med raud stjerne må fyllast ut for å gå vidare i prosessen og sende inn søknad. Alle som har sendt inn søknad vil motta ein bekreftelse på oppgitt e-postadresse. CV, godkjente vitnemål og attestar kan leggast ved søknaden.
Godkjente vitnemål og attestar kan/skal ikkje lastast opp i søknaden. Slike dokument er først aktuelle å ta med dersom du blir kalla inn til intervju på ei stilling. Innsendte vitnemål og attestar vil ikkje bli returnert.
Offentleggjering av søkarar
Surnadal kommune praktiserar meiroffentlegheit ved tilsettingar. Dersom du vil at søknaden din skal unntakast offentlegheit må du grunngi dette. Grunngivinga blir vurdert opp mot reglane i Offentleglova . Vi tek kontakt før eventuell offentleggjering dersom du ikkje skulle få unntak. Du vil da få mulegheit til å trekke søknaden din.
Har du spørsmål?
For spørsmål som gjeld ei utlyst stilling viser vi til oppgitt kontaktperson for stillinga.
Dersom du treng meir informasjon om søknadsprosessen, kan du kontakte vår personalavdeling på e-post personal@surnadal.kommune.no eller på telefon 71 65 58 10.
Tilsetting og krav om politiattest
Ein politiattest blir utstedt av politiet på bakgrunn av opplysningar om personen i dei ulike politiregistera. Kva typar oppføringar som eventuelt blir ført kjem an på formålet med attesten. Attesten kan berre utstedast til visse formål, ikkje på generelt grunnlag.
I dei tilfella Surnadal kommune krev tilfredsstillande politiattest, mellom anna. i alle typar arbeid i helse- og omsorgstenesteyting, barnevern og i skule/SFO og barnehage, stadfestar arbeidsgivar kva for oppgåver arbeidstakaren skal ha på eit skjema som arbeidstakaren legg ved søknaden.
Søk politiattest hos politiet.no
Det er arbeidstakaren sjølv som har ansvar for å søke om politiattest og å legge fram denne for arbeidsgjevar før tiltreding. Attesten skal ved tiltreding ikkje vere eldre enn 3 månader. Når arbeidstakaren legg fram tilfredsstillande politiattest, blir det lagt ein merknad om dette i tilsettingsmappa til vedkommande og attesten blir makulert.
Ved utsending av tilbod om stilling, vil det stå i brevet at det er ein føresetnad for tilsetting at tilfredsstillande politiattest blir lagt fram.