Kvalitetssystem - Compilo
Surnadal kommune brukar Compilo som sitt verkty i arbeidet med kvalitet.
Publisert av Pål Ranes
Publisert 05.12.2017 15:05
Compilo er eit elektronisk verkty der tilsette finn dokument som gjeld heile organisasjonen. Desse er samla i eit elektronisk bibliotek og blir årleg reviderte.
Slik kan dei tilsette heile tida finne oppdaterte lover og føreskrifter, planar, retningliner, prosedyrer og andre ulike hjelpemiddel som gjeld arbeidet med tenester og forvaltningsoppgåver i organisasjonen.
I Compilo ligg også vårt elektroniske avvikssystem. Avvik som blir melde her, er grunnlag for kvalitetsforbetringar innanfor tenesteproduksjon, HMS-arbeid og andre forhold innanfor organisasjonen.
Start Compilo